Innlegg

På fiaskofisketur.

Bilde
Tordis og eg har slått oss på flugefiske, eller fiske og fiske, flugekasting i alle fall, så får vi sjå etter kvart om det blir fisk også.  På fisket...på tur. Vi var på kurs hos Bjarne Huseklepp på Guddalen for nokre veker sidan, og lærde oss teknikken. Kurset var unnagjort på nokre timar og kan anbefalast, effektiv læring av ein entusiastisk og flink lærar og sportsfiskar.  Bjarne har også butikk der du får kjøpt alt du treng av utstyr og stæsj til flugefiske, så det enda jo sjølvsagt med at kurset vart dobbelt så dyrt 🙈 Bjarne fortel ei beskjeden fiskeskrøne 😄  Videosnutt: Tordis fekk dreisen på kastinga. Eg gløymde nedtrekket, men det kom etter kvart. Helga etter måtte vi av stad og praktisere lærdomen, så vi tok med oss rullestova og sette kursen mot Gaularfjellet. Ein liten stopp på Sande for proviantering og kjøp av fiskekort (ikkje noko tjuvfiske her), og så bar det til fjells. Vi fann oss ein plass ved Holmevatnet, fekk i oss l

Med kidsa i Værlandet.

Bilde
Siste helga i mai skulle Kristin og Bjørn, med  Einar, Ola og Mari, og Ingrid og Eivind ( kidsa, typane og kidsekidsa) tilbringe helga på ei hytte i Værlandet, så vi hekta på vogna og hekta oss på.  Værlandet og Bulandet er Norges vestlegaste bebudde øysamfunn. Norges Venezia, som det også blir kalla, har fleire øyer enn det er dagar i året, og her bur det ca.460 sjeler som i hovedsak livnærer seg på fiskeri,oppdrett og fiskeforedling.  For dei som likar seg i kajakk eller på sykkel er øyriket eit eldorado. Her kan du padle mellom øyer og holmar, skjerma for vêr og vind, eller utfordre deg sjølv og naturkreftene i meir eksponerte forhold. Værlandet og Bulandet er bundne saman med 6 bruer, og frå ferjekaia i Værlandet til butikken i Bulandet er det om lag 10km veg. Lett og fin å sykle, om ikkje sydvesten står på for fullt, men då går det desto fortare tilbake. Vi hadde med oss syklane, men dei vart ståande på taket heile helga. I staden gjekk vi turar i lag med gjengen. På f

Plass til campingvogn/bubil.

Bilde
Flott plass ved fjorden i Stongfjorden i Askvoll kommune, Sogn og fjordane, til 3-4 bubilar/campingvogner, for kortare opphald.  Passar best til mindre vogner/ bubilar. Tilgang til vatn og straum, men ikkje tømming av dotank. Fiske og bading frå kai og flytebrygge. Mogleg å leige båt m/motor.  Har også ei lita hytte til leige like ved, enkel standard. Kr. 300,- pr. døgn for oppstillingsplass. Kr. 600,- pr døgn for hytta. Ta kontakt på tlf. 90608301 (Kjell)

For dei spesiellt interesserte.

Bilde
Om hengarkontakt, ledningsnett, absorpsjonskjøleskap, lithiumbatteri, DCDC-ladar og sånt. Då vi fekk oss campingvogn monterte eg 13-pins hengarkontakt på bilen, for å få strøm til ryggelys mellom anna. I tillegg ville eg ha strøm til kjøleskapet i vogna og til lading av batteria. For å få til det måtte eg ha eit tillegssett som gir strøm til pin 9 og 10 i hengarkontakten, og etter litt styr og kluss med det har eg omsider fått det opp å gå. Tilleggssettet eg fikk var kun til pin 10, som forsyner kjøleskapet i vogna med strøm,  og det var klart til sommarferien i fjor. Det er kobla via eit spenningsstyrt relé, slik at det ikkje gir  strøm til kjøleskapet i vogna før motoren er starta. Vi var 14 dg på tur, og i starten såg alt bra ut, men så oppdaga eg at sikringen i kretsen, som er montert ved batteriet (i bilen) og er på 15A, smelta. Plasten rundt tråden i sikringen smelta sakte, og til slutt rauk også tråden. Dette skjedde av og til, vi kunne køyre i dagesvis utan at sikringen vart va

Nordfjord

Bilde
I forbindelse med 17.mai, fukttest og service på vogna, tok vi nokre dagar i Nordfjord.  Svingar du skarpt høgre når du køyrer av ferja på Lote ferjekai, kjem du inn på Panoramavegen. Den startar der, eller sluttar, alt etter kva retning du køyrer 🤔, og går innover på nordsida av Nordfjorden, gjennom bygder som Hennebygda, Randabygda, Bergset og Blakset, mellom andre. Når du kjem innover eit stykke, og opp i høgda, får du ei fantastisk utsikt over Nordfjorden og over på andre sida. Wundershön!, seier tyskarane og veit vel ikkje betre, for det er faktisk Nordfjorden dei ser.  På Panoramavegen. Vi tok eit par avstikkarar, ned til Hopland kai på smal veg med fleire hårnålsvingar, og til Blakset kai. Små plassar som eg no kan sei at eg har vore på, det kunne eg ikkje før.  Hopland kai.  Vi tok inn på Stryn Camping og trakka litt rundt i streeten og til skogs eit par dagar. I barndomen gjekk eg på rabarbraslang hos naboen kom eg på, då eg såg des

Yndestaden på tur til Yndestad Gard

Bilde
1.mai-helga tok vi ein tur frå garden på Yndestad til Yndestad Gard. Yndestad heiter det mange stader, tre stader berre i Sunnfjord. Yndestad i Stongfjorden, der eg bur, og i Guddal finn vi Yndestad Gard, og så er det ein gard i Bygstad også. Folk kan jo bli heilt forvirra, men vi sikta oss inn på Yndestad Gard...på Guddalen, so vi seie. Yndestad Gard..både herifrå.. ...og derifrå. Yndestad Gard er kjend for campingplassen, aktiviteten og arrangementa deira. Likar du køntri, kunst eller fiske til dømes, har dei eit arrangement som passar deg.  Vertinna sjølv, Nina, inviterte på kaffi, og vi fekk ein kjekk prat med henne. Ho serverte også middag til nokre karar som hadde vore på fiskeskule i nabolaget, for det har dei også på Guddalen, Bjarne Huseklepp Fiskeskule. Der får ein lære alt om flugefiske og flugebinding, og Tordis og eg har meldt oss på kastekurs, det blir spennande! Mot Hovlandsvatnet. Tidleg i sesongen og godt med plass. Vi kø