Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2022

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.

Bilde
I slutten av juli var vi endeleg klar for ferietur, det hadde vi sett fram til ei stund, så vi hekta på rullestova og køyrde nordover. Over Strynefjellet og Dovre, ein kjapp tur innom Tove og Terje i Trondheim, før vi sette kursen mot Helgelandskysten. Første overnattinga var på Strynefjellet. Rista brød til frukost høyrer med, dette var før vi kjøpte brødristar 🙂 Vogna er rigga for fricamping, så vi prøver å finne plassar langs vegen der vi kan stå ei natt eller to, men det er ikkje alltid like lett å finne, så vi endar ofte på tilrettelagde plassar der ein kan stå mot å betale litt, eller på campingplassar. Vi er stort sett sjølvforsynt med strøm, så vi slepp å tenke på det.  Skånes/Kausbukta, ein liten avstikkar frå E6 rett sør for Verdal. Tilrettelagd plass for bubilar og campingvogner. Kun parkeringsplass, ikkje andre fasilitetar. Nord for Steinkjær svinga vi av E6 og køyrde mot Namsos, (Rock City), som ikkje rocka so veldig på ein søndag midt