Innlegg

Viser innlegg fra november, 2021

Ny vogn!

Bilde
  Som sagt i forrige innlegg, vart turen til Nordfjord den siste med vogna vi kjøpte i Ørsta. Vi likte vogna godt, men den hadde ikkje fast seng, den måtte vi rigge til kvar kveld og pakke den vekk før vi fekk oss frukost om morgonen, og etter kvart vart det litt bale for godt vaksne folk. Så historia er den, at vi var innom Nordfjord Caravan for ein fukttest på vogna, og der stod det ei ny vogn på utstilling som Tordis forvilla seg inn i. Eg fekk ho nesten ikkje ut att derifrå, og for å ta kortversjonen skreiv vi kontrakt på ny vogn hos ein forhandlar i Bergen nokre veker seinare, og i mai i år var vi avgarde og henta den. På veg heim med nyevogna. Vi overnatta i Kilstraumen i Austreim.                 Fin vogn dette óg. Tordis kosar seg i senga, eg lagar frukost...sjølvsagt 😇 Litt om vogna, eller rullestova på nynorsk: Nyevogna er ei Adria Adora 522UP. Kriteria vi hadde for ny vogn, var at den skulle ha fast seng, at den skulle ha panoramavindu, s

Litt historie.

Bilde
Tordis og eg fann kvarandre i godt vaksen alder, og har tura i lag i 7-8 år no. I byrjinga var det mest kajakkturar, fjellturar og reising, men etter kvart har vi fått sansen for campinglivet, og vi har prioritert det meir, i kombinasjon med både sykkel, kajakk og fjell. Første turen med campingvogn var i 2017, med leigd vogn og kajakkar på biltaket. Nokre bilder frå turen: Gamle ferjekaia på Rjåneset nord for Ørsta. Fin plass å fricampe. Liadalsnipa bak. På Grip, langt til havs nord for Kristiansund. Tordis i kajakken utanfor Titran på Frøya,    Slettringen fyr . Stasleg kulturminne, Norges høgaste, med lyshøgd på 46 m.o.h. Under Hjellehyrna, Oppstrynsvatnet. Ein flott tur som gav meirsmak, så vi fekk lyst på eiga vogn etter kvart, og i 2019 kjøpte vi oss ei brukt, lita, knalltøff vogn. Vogna såg vi først i 2016,  på ein tur til Sogn og Aurlandsdalen. Vi likte vogna og tok bilde av den, fann det att meir eller mindre tilfeldi