Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2022

På fiaskofisketur.

Bilde
Tordis og eg har slått oss på flugefiske, eller fiske og fiske, flugekasting i alle fall, så får vi sjå etter kvart om det blir fisk også.  På fisket...på tur. Vi var på kurs hos Bjarne Huseklepp på Guddalen for nokre veker sidan, og lærde oss teknikken. Kurset var unnagjort på nokre timar og kan anbefalast, effektiv læring av ein entusiastisk og flink lærar og sportsfiskar.  Bjarne har også butikk der du får kjøpt alt du treng av utstyr og stæsj til flugefiske, så det enda jo sjølvsagt med at kurset vart dobbelt så dyrt 🙈 Bjarne fortel ei beskjeden fiskeskrøne 😄  Videosnutt: Tordis fekk dreisen på kastinga. Eg gløymde nedtrekket, men det kom etter kvart. Helga etter måtte vi av stad og praktisere lærdomen, så vi tok med oss rullestova og sette kursen mot Gaularfjellet. Ein liten stopp på Sande for proviantering og kjøp av fiskekort (ikkje noko tjuvfiske her), og så bar det til fjells. Vi fann oss ein plass ved Holmevatnet, fekk i oss l