Innlegg

Viser innlegg fra april, 2022

To haustturar, og litt dekor.

Bilde
Det vart eit par haustturar før vi avslutta sesongen i fjor.  Vonavatnet. Vonavatnet i Naustdal hadde vi tenkt på ei stund, at kanskje det kunne vere ein fin tur. Det vart nestenkatasrofe!  Vi hadde ikkje vore der før, og visste ikkje korleis vegen opp dit var, men vi spurde oss rundt før vi prøvde oss. Dei fleste meinte det burde gå bra å slepe vogna med seg heilt opp, untatt ein, han ville ikkje prøvd det, og eg skulle nok høyrt på han.  Men eg er no ikkje så lettskremd når det gjeld bilkøyring og sånn, så eg høyrde sjølvsagt på alle hine.  Siste kneika og svingen vart litt for tøff, og opelen måtte kapitulere. Jysla bratt, grusveg, skarp sving og framhjulstrekk vart i meste laget, så der stod vi. Men vi stod ikkje godt, det var faktisk så vidt vi stod. Når eg forsiktig prøvde å sleppe oss bakover att, og bremsa, begynte heile kortesjen å skli på grusen. Eg trur at eg aldri har hatt så lite høy i hatten, bratt utfor ned i bjørkeskogen på eine sida, men heldigvis sklei vi ikkje langt,

Ferietur 2021, del 4, Bodø-Stongfjorden.

Bilde
I Bodø fekk eg som sagt klipt meg, og Tordis fekk seg ein time i i 7.Himmel , som kan anbefalast seier ho (det er ein hud- og kroppspleieklinikk i fall nokon lurte). Ellers gjorde vi byen med litt shopping og kafebesøk, før vi sette nasen sørover att.  Det var ledig på plassen vår ved offersteinane på Stødi, og offeret til Tordis frå forrige overnatting, hadde god virkning denne natta på Saltfjellet òg. På Stødi. Vi heldt oss på E6 sørover, og tok ein pause i Mosjøen. Mosjøen er eldste byen på Helgeland, og her finn du Sjøgata, Norges lengste rekke av trehus frå 1800 tallet, koselig gate med små butikkar, restaurantar og galleri.  I Mosjøen heng det syklar og stolar på husveggane.. ..og folk blir berre sånn halvvegs jordfesta. Så var vi i Trøndelag igjen. Eit par timars køyring sørover frå Mosjøen, i Namsskogan, tok vi inn på Håpnesneset camping, utan eit einaste nes i sikte, men med Namsen tett ved. Namsen er ei kjend fiskeelv, så eg måt