To haustturar, og litt dekor.

Det vart eit par haustturar før vi avslutta sesongen i fjor. 

Vonavatnet.
Vonavatnet i Naustdal hadde vi tenkt på ei stund, at kanskje det kunne vere ein fin tur. Det vart nestenkatasrofe! 
Vi hadde ikkje vore der før, og visste ikkje korleis vegen opp dit var, men vi spurde oss rundt før vi prøvde oss. Dei fleste meinte det burde gå bra å slepe vogna med seg heilt opp, untatt ein, han ville ikkje prøvd det, og eg skulle nok høyrt på han. 
Men eg er no ikkje så lettskremd når det gjeld bilkøyring og sånn, så eg høyrde sjølvsagt på alle hine. 
Siste kneika og svingen vart litt for tøff, og opelen måtte kapitulere. Jysla bratt, grusveg, skarp sving og framhjulstrekk vart i meste laget, så der stod vi. Men vi stod ikkje godt, det var faktisk så vidt vi stod. Når eg forsiktig prøvde å sleppe oss bakover att, og bremsa, begynte heile kortesjen å skli på grusen. Eg trur at eg aldri har hatt så lite høy i hatten, bratt utfor ned i bjørkeskogen på eine sida, men heldigvis sklei vi ikkje langt, og så var det berre å halde hauet kaldt og tunga beint i munnen, og lirke oss bakover meter for meter, med ei lettare hysterisk Tordis peikande og veivande bakom. 
Det gjekk bra, og det dukka også opp ein kar med traktor framfor oss, som tilbydde seg å slepe oss opp, men eg hadde tatt skrekken og takka nei. Vi måtte rygge ein halv kilometer før vi fann ein plass å snu, og karen i traktoren meinte at vi kunne stå der over natta, så vi oppretta base camp der. 

Flott plass ved Nausta.

Med vogna trygt plassert prøvde vi fiskelukka i Vonavatnet. Det enda med at eg vart våt opp til navlen. Og vatnet måtte vere tomt for fisk, så det vart kjøpemat til kvelds.

God sti over myrane.

På glatte steinar.

Dagen etter lot vi fiskestengene ligge, og gjekk tur innover langs vatnet.

Dettefossen.


Vonavatnet og Vona t.v.

Det vart ein flott tur, trass i bilda eg eit øyeblikk hadde i hauet, av vogn og bil på holva i knekte bjørketre 🙈

Signaturdekor.
Alle campera med respekt for seg sjølv, og stor vegg bak på vogna, må ha ein signatur på veggen. Vogna vart innvia med sjampanje ein av dei første kveldane etter at vi henta den, og sjølvsagt sprudla sjampanjen over når vi opna flaska. Dermed var vogna døypt, og namnet gav seg sjølv. 
Kruse AS i Florø fekk oppdraget med å lage dekoren, og vi fekk den på plass før årets siste tur.

Signaturen på plass, mesterleg utført, eller påført, av Jarle hos Kruse AS.

Bremanger. 
Årets siste tur gjekk til Bremanger. Tordis hadde eit jobboppdrag der, så vi kombinerte det og tur. Véret var no så som så, vått, grått og vindfullt, men vi tura litt rundt.

På Grotlesanden, eg vart i bilen.

Mot Olderveggen.

På Hauge.

Gåsa ligg i Kalvåg, kjend frå Tv2-serien "Alex og Aune"

Under Hornelen.

Det vart siste turen i fjor, og sesongen i år starta med påsketur til Selje og Stadlandet, det får du lese om i neste innlegg.

Vi hadde 22 overnattingar på tur i fjor, pluss eit par på tunet heime 🤫. Totalt køyrde vi ca.4600 km med vogna på slep, fordelt på 7 turar til nært og fjernt, mange flotte plassar og kjekke opplevingar. Og heldigvis utan uhell av noko slag, sjølv om det var nære på.







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.