Ferietur 2021, del 2, Brønnøysund-Mo i Rana.

Vi har litt lite "ro i ræva" når vi er på tur, så etter ei natt i  Brønnøysund for vi vidare. 
Det er minst like tett med ferjer på Helgelandskysten som på Vestlandet, så du sparar ein del med ferjekort, som gir halv pris på dei fleste strekningane. Vi tok ferja frå Horn til Andalsvåg, køyrde til Forvik og tok ferja til Tjøtta. 
Mellom Tjøtta og Sandnessjøen ligg Alstahaug kirke og Petter Dass-museet.
Tordis framfor Alstahaug kirke..

...og framfor Petter Dass-museet.


Gapestokk frå Tjøtta.

I dag hadde nok gapestokkbransjen vore big buisness, dersom straffeutmålinga ikkje hadde endra seg.

Litt åndeleg føde skadar ikkje. Tekst: Petter Dass.


Trappetrinntrim mellom berg og bygg.

Petter, t.h og meg...

Alstahaug.

Frå Alstahaug mot nordaust ligg fjellrekka Sju Søstre, majestetiske fjelltoppar på rekke og rad, alle rundt 1000m høge. 

4 1/2 av dei sju. 

Vi fann oss ein plass under Helgelandsbrua for natta. 
Under brua.
Helgelandsbrua kryssar Leirfjorden og vart opna i 1991. Den ga Sandnessjøen og øya Alsta ferjefri fastlandsforbindelse.

Vi heldt fram på Fv17, eller Kystriksveien, ferje frå Levang til Nesna, austover over Sjonfjellet til Sjonbotn, og vestover att til Stokkvågen.
Stokkvågen er ikkje store plassen, men herifrå går det ferje og hurtigbåt til øyane ut i havet, mellom andre Lovund og Træna. Ut dit tenkte vi oss dagen etter, så vi ville rekognosere litt. 
Og her traff vi forsyne meg kjentfolk! 
Hanne og John-Arve treff eg nesten like ofte i Stokkvågen som i Florø. Dei venta på ferja, og skulle ut i øyane i bryllaup.

Vi forsøkte å finne ein plass å
overnatte i nærheten av ferjekaia, men enda opp med å køyre til neste ferjekai, Kilboghamn, og Polarcamp på Hilstad. 

Mykje flott natur i Nordland også, her ser vi Aldra.

Telnestinden frå Hilstad.

Træna.
Hurtigbåten brukar 1,5t frå Stokkvågen til Træna, og er innom Onøya, Sleneset og Lovund før siste lange strekket til Træna.
Lovund og Lovundfjellet, som ruvar 623 m.o.h.

Flott tur i fint vêr for vår del. Båten går vidare til Selvær, og returnerer same vegen, og vi hadde godt to timar til å sjå oss om, før vi måtte vere tilbake på kaia. 
 
Træna, med Trænastaven på 338 m.o.h til høgre.

Træna er eigen kommune, Norges eldste fiskevær, og har historie 9000 år tilbake i tid. Her bur det knappe 500 fastbuande som i hovedsak livnærer seg på fiskeri, oppdrett og fiskeforedling. 
(Nett no, feb.2022, ser det litt mørkt ut for fiskeværet. Hjørnesteinsbedrifta Træna Seefood AS legg ned drifta, og dette får store konsekvensar for øysamfunnet.)
Træna er også kjent for Trænafestivalen, musikkfestival som årleg dreg til seg 3500 tilreisande. Eg har aldri vore på den, men eg trur at teltet mitt har vore der.
Utelunch med utsikt.

Petteren har sett spor etter seg her og, Petter Dass-kapellet.

Ein blir litt andektig i slike bygg. 😉

Flott!.....naturen òg.

Vel inne på fastlandet att gjekk turen vidare til Mo i Rana, der fann vi oss ein fin plass hist ved floden på Mo i Rana Camping. Her fann vi roen i to dagar, var på byn og shoppa litt, og vaska kle og vogn. Vi tok til og med syklane ned frå taket på bilen, og sykla oss ein tur. Som dåke forstår så er det ikkje så ofte dei er i bruk, men image er viktig. 

Hist ved floden.

På sykkeltur.

Reiseruta del 2

Legg gjerne att ein kjekk kommentar 🙂 👇

I neste episode fer vi til fjells, kryssar polarsirkelen, ser på strie straumar og snur sør att...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.