Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2022

Yndestaden på tur til Yndestad Gard

Bilde
1.mai-helga tok vi ein tur frå garden på Yndestad til Yndestad Gard. Yndestad heiter det mange stader, tre stader berre i Sunnfjord. Yndestad i Stongfjorden, der eg bur, og i Guddal finn vi Yndestad Gard, og så er det ein gard i Bygstad også. Folk kan jo bli heilt forvirra, men vi sikta oss inn på Yndestad Gard...på Guddalen, so vi seie. Yndestad Gard..både herifrå.. ...og derifrå. Yndestad Gard er kjend for campingplassen, aktiviteten og arrangementa deira. Likar du køntri, kunst eller fiske til dømes, har dei eit arrangement som passar deg.  Vertinna sjølv, Nina, inviterte på kaffi, og vi fekk ein kjekk prat med henne. Ho serverte også middag til nokre karar som hadde vore på fiskeskule i nabolaget, for det har dei også på Guddalen, Bjarne Huseklepp Fiskeskule. Der får ein lære alt om flugefiske og flugebinding, og Tordis og eg har meldt oss på kastekurs, det blir spennande! Mot Hovlandsvatnet. Tidleg i sesongen og godt med plass. Vi kø

Påsketur.

Bilde
Sesongstart i år vart påsketur til Selje og Stadlandet. Vi køyrde over Åheimsfjellet og Mannseidet til Selje. Mannseide ligg heilt innerst på Stad, med Moldefjorden på eine sida og Kjødspollen på hi. Her har dei planlagt verdas første fullskala skipstunell, ca. 2 km lang, og stor nok til at båtar på størrelse med Hurtigruta kan gå gjennom, for å sleppe det vêrharde Stadhavet. Eg har tenkt å padle gjennom den, men då lyt dei snart komme i gang med arbeidet, slik at den blir ferdig før eg ligg under torva.  Vi oppretta basecamp på Selje Camping, og tura rundt til fots, på sykkel og i bil.  Kanskje Norges mest fotograferte naustrekke. Hardrocx i Sildagapet. Vågsøy og Kråkenes bak. På Skårbø. Selje og Selja. Vi tok turen til Dagsturhytta på Selje, kort, men bratt opp frå sentrum. Der hadde dei sett opp fleire treningsapparat, slik at folk kan trene på trimturen 🤔  Sist vi såg slikt var i 2018, på andre sida av jordkloda, i Korea, og no har d