Yndestaden på tur til Yndestad Gard

1.mai-helga tok vi ein tur frå garden på Yndestad til Yndestad Gard. Yndestad heiter det mange stader, tre stader berre i Sunnfjord. Yndestad i Stongfjorden, der eg bur, og i Guddal finn vi Yndestad Gard,
og så er det ein gard i Bygstad også.
Folk kan jo bli heilt forvirra, men vi sikta oss inn på Yndestad Gard...på Guddalen, so vi seie.

Yndestad Gard..både herifrå..

...og derifrå.

Yndestad Gard er kjend for campingplassen, aktiviteten og arrangementa deira. Likar du køntri, kunst eller fiske til dømes, har dei eit arrangement som passar deg. 
Vertinna sjølv, Nina, inviterte på kaffi, og vi fekk ein kjekk prat med henne. Ho serverte også middag til nokre karar som hadde vore på fiskeskule i nabolaget, for det har dei også på Guddalen, Bjarne Huseklepp Fiskeskule. Der får ein lære alt om flugefiske og flugebinding, og Tordis og eg har meldt oss på kastekurs, det blir spennande!

Mot Hovlandsvatnet.

Tidleg i sesongen og godt med plass.

Vi køyrde litt rundt, og tok dei avstikkarane vi fann, plassar eg aldri har vore før, sjølv om det er berre ein times køyretur heimanfrå.

Gamle Gallefoss bru er ei steinkvelvingsbru, bygd i 1911/12. Imponerande byggverk.

På Svartefossen var våronna i gang, og svarte bøar.

Heim att tok vi vegen over til Sygna, Steinsetvegen,  og ut Dalsfjorden.
Vegen gjennom Steinsetdalen vart opna i 2006, men var visst ikkje mykje til veg før den vart ferdig asfaltert i 2018. No er det flott veg, gjennom ein flott dal, nærast ei openberring for meg. 

Hoppetrim i Steinsetdalen.

Steinset på andre sida av vatnet.

Steinsetdalen.

Og det var det, ein liten tur er også ein tur. 

Om du vil vite meir om Yndestad Gard og fiskeskulen til Bjarne Huseklepp finn du det her:









Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.