Påsketur.

Sesongstart i år vart påsketur til Selje og Stadlandet. Vi køyrde over Åheimsfjellet og Mannseidet til Selje. Mannseide ligg heilt innerst på Stad, med Moldefjorden på eine sida og Kjødspollen på hi. Her har dei planlagt verdas første fullskala skipstunell, ca. 2 km lang, og stor nok til at båtar på størrelse med Hurtigruta kan gå gjennom, for å sleppe det vêrharde Stadhavet. Eg har tenkt å padle gjennom den, men då lyt dei snart komme i gang med arbeidet, slik at den blir ferdig før eg ligg under torva. 
Vi oppretta basecamp på Selje Camping, og tura rundt til fots, på sykkel og i bil. 

Kanskje Norges mest fotograferte naustrekke.

Hardrocx i Sildagapet. Vågsøy og Kråkenes bak.

På Skårbø.

Selje og Selja.

Vi tok turen til Dagsturhytta på Selje, kort, men bratt opp frå sentrum. Der hadde dei sett opp fleire treningsapparat, slik at folk kan trene på trimturen 🤔  Sist vi såg slikt var i 2018, på andre sida av jordkloda, i Korea, og no har denne koreasykja spreidd seg heilt til Selje.

Gymsal med utsikt.

Tordis i aksjon.

Sjøglytt.

I Ervika,Tordis i prat med Sammel-Marja

Ho mista fem til Stadhavet.

Kyrkja i Ervika

Her var det flott sandstrand, men ein storm i vinter vaska sanden vekk, no ligg det berre stein att.

Rock solid.

Kjerringa, eller Vestkapp vert rekna som Norges vestlegaste fjellplatå, 497 m.o.h. 
Og havet ligg like under, så langt auge kan sjå, stilt og fint i dag, men eit av Norges hardaste havstykke i uvêr og storm.

Stadhavet.

Kjerringa på Kjerringa.

På Vestkapp restaurant kjøpte vi oss sjokoladekake med karamellisert popcorn.


Honningsvågen, heilt nordvest.

Dragseidet, mellom Drage og Leikanger er ein stad med mykje historie. I tidlegare tider drog folk båtane over eidet når vêret var dårleg,  for å sleppe det farlege Stadhavet, difor namnet Dragseidet. Ganske sikkert slitsomt, sjølv om stigningane på begge sider er forholdsvis slakke, men vegen over er 5km lang og over 200 m.o.h. på det høgaste.

Steinkrossen på Dragseidet.

Steinkrossen vart reist til minne om Olav Tryggvason si kristning av 4 fylker her, i året 997. Han samla bønder frå Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal, og gav dei valget mellom å la seg døype, eller slåst mot hærstyrken hans. Bøndene fann det klokast å la seg døype, og dermed var alle 4 fylka døypte, i ein smell! Snakk om effektiv kristning! Og eg som trudde at han fór frå bygd til bygd, frå gard til gard, med sverdet i hand.
I seinare tid var Dragseidet ei viktig ferdselåre mellom Sunnmøre og Nordfjord. Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane hadde nordlegaste stoppestad på Drage, og sørlegaste stoppestad for fylkesbåtane i Møre og Romsdal var Leikanger. Gods, post, folk og fe måtte vegen over Dragseidet.
Det tok slutt i 1917.

På Dragseidet.

Over Dragseidet må du om du skal landevegen til Hoddevika. 
Hoddevika er kjend for den flotte sandstranda, og er ein ynda plass blant surfarane. Lite byljer og surfarar i dag, men litt folk var der.

Hårnålssvingane til Hoddevika.

Hoddevika

Fin sand, men litt for kaldt til å gå berføtt.

Kveld på Selje camping.

Stad har mykje flott natur og fine turar å by på, vi rakk litt denne gongen, men kjem sikkert tilbake for meir. Kanskje kjem eg padlande, og er ikkje skipstunellen ferdig, får eg dra kajakken over Dragseidet.








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.