Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2022

Ferietur 2021, del 3, Mo i Rana- Bodø.

Bilde
Etter to overnattingar ved floden i Mo i Rana ville vi til fjells, og køyrde nordover. Ein liten pitstop på Storforshei for påfyll av diesel, vatn og mat, og vidare gjennom Dunderlandsdalen mot Saltfjellet. Ny fin veg nordover, så her var det berre å koble inn cruisekontrollen og nyte turen og naturen. Vi måtte naturlegvis stoppe på Polarsirkelsenteret, been there, done that, og kjøpe noko som beviste akkurat det. Arctic cirkle center 66°33' N, har dei skrive,  på klingande nynorsk, på taket til Polarsirkelsenteret, på Saltfjellet i Norge   Men dei hadde no Norske flagg. Fjellet Bolna med sine 1460 moh. Ved sjølvaste polarsirkelen, eller det er faktisk ikkje heilt rett.  Polarsirkelen flyttar seg nemleg, i vår tid nordover, 14,25m kvart år. I fjor, i 2021, var den 1210m lenger nord enn der eg står på bildet. Når den når Hamarøy, om godt 9000 år, snur den og går sørover att, til Brønnøysund.          Eg har funne ut at Bodø feks. vil vere

Ferietur 2021, del 2, Brønnøysund-Mo i Rana.

Bilde
Vi har litt lite "ro i ræva" når vi er på tur, så etter ei natt i  Brønnøysund for vi vidare.  Det er minst like tett med ferjer på Helgelandskysten som på Vestlandet, så du sparar ein del med ferjekort, som gir halv pris på dei fleste strekningane. Vi tok ferja frå Horn til Andalsvåg, køyrde til Forvik og tok ferja til Tjøtta.  Mellom Tjøtta og Sandnessjøen ligg Alstahaug kirke og Petter Dass-museet. Tordis framfor Alstahaug kirke.. ...og framfor Petter Dass-museet. Gapestokk frå Tjøtta. I dag hadde nok gapestokkbransjen vore big buisness, dersom straffeutmålinga ikkje hadde endra seg. Litt åndeleg føde skadar ikkje. Tekst: Petter Dass. Trappetrinntrim mellom berg og bygg. Petter, t.h og meg... Alstahaug. Frå Alstahaug mot nordaust ligg fjellrekka Sju Søstre, majestetiske fjelltoppar på rekke og rad, alle rundt 1000m høge.  4 1/2 av dei sju.  Vi fann oss ein plass unde