Ferietur 2021, del 3, Mo i Rana- Bodø.

Etter to overnattingar ved floden i Mo i Rana ville vi til fjells, og køyrde nordover. Ein liten pitstop på Storforshei for påfyll av diesel, vatn og mat, og vidare gjennom Dunderlandsdalen mot Saltfjellet. Ny fin veg nordover, så her var det berre å koble inn cruisekontrollen og nyte turen og naturen. Vi måtte naturlegvis stoppe på Polarsirkelsenteret, been there, done that, og kjøpe noko som beviste akkurat det.

Arctic cirkle center 66°33' N, har dei skrive,  på klingande nynorsk, på taket til Polarsirkelsenteret, på Saltfjellet i Norge

  Men dei hadde no Norske flagg. Fjellet Bolna med sine 1460 moh.

Ved sjølvaste polarsirkelen, eller det er faktisk ikkje heilt rett. 

Polarsirkelen flyttar seg nemleg, i vår tid nordover, 14,25m kvart år. I fjor, i 2021, var den 1210m lenger nord enn der eg står på bildet. Når den når Hamarøy, om godt 9000 år, snur den og går sørover att, til Brønnøysund.         
Eg har funne ut at Bodø feks. vil vere sør for polarsirkelen, også kjent som moralsirkelen, i ca 10000 år. Desse åra bør naturlegvis bodøværingen ta seg sjølv kraftig i nakken, og leve meir etter Petter Dass sine normer.                                
Nok om det. Eit par tusen meter lenger nord, ein km nord for sirkelen, fann vi ein plass å parkere for natta. Her, på Stødi, er E6 over Saltfjellet på sitt høgaste, 692 moh.
Der var enno tidleg kveld, så vi gjekk ein tur innover fjellet for å sjå etter bær, helst multer, men det fann vi ikkje. Krekling var det derimot mykje av, fint å lage likør av så vi... eller Tordis plukka ein del. 
Fint og lett å gå innover, og hadde vi gått ein time eller to lengre hadde vi vore i Sverige, men grensa var nok koronastengt her og, så vi snudde før vi kom så langt.

Tog er eksotisk for ein sunnfjording.

På andre sida av jernbanelinja, nokre hundre meter frå der vi hadde parkert viste det seg å vere eit kulturminne.


Offersteinane på Stødi.
Tordis ofra litt blomster og sjokolade, så vi sov nok trygt den natta. 

Turen heldt fram nordover, gjennom Saltdalen, Rognan, Fauske og til Bodø. Rett nord for byen fann vi Løpsvika camping, fin plass og forholdsvis rimleg.
Saltstraumen sto på "to do lista" , så etter middagen tok vi turen dit. 
Saltstraumen er verdas sterkaste malstraum. Kvar 6. time passerer 400 millionar kubikkmeter sjø, og da e mykje, inn og ut sundet, som er 3km langt og 150m breitt. Vi var der når sjøen var på veg ut, og det var rett og slett fasinerande å sjå og høyre kreftene som var i sving.

Strie straumar.

Saltstraumbrua.


Utsikta frå Løpsvika. Landegode bak.

 Tysk fiskarfrue tek imot tysk fiskarmann.

Solnedgang. 


Gamle Salten i Bodø havn.

Løyen skapning..urnordlending?



I løpet av turen hadde eg bestemt meg for at eg ikkje skulle snu sørover att før eg fekk klipt meg. Eg forsøkte  fleire plassar på veg nordover, sist i Mo i Rana der eg leita opp alle frisørane i byn, trur det var fleire enn i Førde, utan å få time. I Bodø lukkast eg på andre forsøk, og vi kunne snu heimover att.
Her trengst ein klipp. Eg vart finare ellers og etter klippen, trur eg.

 
Heimturen i neste episode.







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.