På fiaskofisketur.

Tordis og eg har slått oss på flugefiske, eller fiske og fiske, flugekasting i alle fall, så får vi sjå etter kvart om det blir fisk også. 

På fisket...på tur.

Vi var på kurs hos Bjarne Huseklepp på Guddalen for nokre veker sidan, og lærde oss teknikken. Kurset var unnagjort på nokre timar og kan anbefalast, effektiv læring av ein entusiastisk og flink lærar og sportsfiskar. 
Bjarne har også butikk der du får kjøpt alt du treng av utstyr og stæsj til flugefiske, så det enda jo sjølvsagt med at kurset vart dobbelt så dyrt 🙈

Bjarne fortel ei beskjeden fiskeskrøne 😄 

Videosnutt:







Eg gløymde nedtrekket, men det kom etter kvart.

Helga etter måtte vi av stad og praktisere lærdomen, så vi tok med oss rullestova og sette kursen mot Gaularfjellet. Ein liten stopp på Sande for proviantering og kjøp av fiskekort (ikkje noko tjuvfiske her), og så bar det til fjells.

Vi fann oss ein plass ved Holmevatnet, fekk i oss litt mat og rigga oss klar til å ta storauren. 
Etter eit par timar måtte vi innsjå at det ikkje vart fisk til middag, men vi hadde sjølvsagt proviantert med det i bakhovudet. 

Sikkert ikkje noko godt fiskevér, alt for stillt trur eg 🤔

Søndagen starta vi på ny frisk. Vi prøvde oss først i Byttevatnet, men det var ikkje mykje napp å få der heller, bortsett frå i bjørkeskogen bak oss, der nappa det stadig vekk! Men bjørkekvist og lauv er ikkje heilt det samme som aure.
Vi flytta oss opp att i Holmevatnet, utan at det gjorde resultatet noko betre, og etter kvart kom eg fram til den konklusjonen at vatnet var tomt for fisk, før vi kom.
Trøysta får vere at det klarna opp og sola fekk sleppe til, så både véret og tilværet var heilt greit, sjølv utan fisk.

Ved Holmevatnet.

Utløpet.

På heimvegen stoppa vi ved Likholefossen. Namnet kjem visstnok frå nokre av dei øvste gardane i dalen. Dei greidde ikkje å frakte sine daude til kyrkja på éin dag, og likkista vart oppbevart under ein hellar ved fossen.
Fossen, og brua over, er i dag ein turistattraksjon.

Fin sti.

Brua over Likholefossen.

Litt sol gjer seg.

Vi fiska lovleg.

Og fangstmeldinga på fiaskokortet fyllte vi ikke ut...

Kommentarer

  1. Fluefiske er faktisk gøy, eller som du vatt inne på - fuekasting. Det er såpass gøy at det ikke er så nøye med fisken egentlig. Burde kanskje finne fram fluestanga igjen.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Har fiska litt med flugestang, og faktisk har eg fått fisk også, og moro er det, enten du får fisk eller ikkje. Men kjekkast er det når du får. :-)

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

Med kidsa i Værlandet.