Ferietur 2021, del 4, Bodø-Stongfjorden.

I Bodø fekk eg som sagt klipt meg, og Tordis fekk seg ein time i i 7.Himmel, som kan anbefalast seier ho (det er ein hud- og kroppspleieklinikk i fall nokon lurte). Ellers gjorde vi byen med litt shopping og kafebesøk, før vi sette nasen sørover att. 
Det var ledig på plassen vår ved offersteinane på Stødi, og offeret til Tordis frå forrige overnatting, hadde god virkning denne natta på Saltfjellet òg.
På Stødi.

Vi heldt oss på E6 sørover, og tok ein pause i Mosjøen. Mosjøen er eldste byen på Helgeland, og her finn du Sjøgata, Norges lengste rekke av trehus frå 1800 tallet, koselig gate med små butikkar, restaurantar og galleri. 

I Mosjøen heng det syklar og stolar på husveggane..

..og folk blir berre sånn halvvegs jordfesta.

Så var vi i Trøndelag igjen.

Eit par timars køyring sørover frå Mosjøen, i Namsskogan, tok vi inn på Håpnesneset camping, utan eit einaste nes i sikte, men med Namsen tett ved. Namsen er ei kjend fiskeelv, så eg måtte prøve fiskelukka. Ikkje napp å få, men trøysta får vere at det var det ikkje andre som fekk heller, eg såg nemleg ikkje andre som fiska.
Laksefiske i Namsen 🙄

Det vart altså ikkje laks til middag, men vi hadde ei flintsteik i bakhand, så vi la oss ikkje svoltne den kvelden heller.
Vi heldt fram sørover Namdalen, langs Snåsavatnet, gjennom Steinkjær og Verdal til Stjørdal.
I Stjørdal, eller på Værnes, or just before we got to Hell, we turned left. (da høyrest mykje meir dramatisk ut på engelsk) 
Det har vore forslag om å døype om flyplassen på Værnes til Hell International airport, but who wants to buy a plane ticket to Hell?
I alle fall, vi tok til venstre og køyrde mot Røros. På vegen dit overnatta vi på Selbu Camping, flott plass ved Selbusjøen. 
Her er vi på fjellet, ein stad mellom Selbu og Røros. 

På Røros stoppa vi nokre timar, og besøkte  Smelthytta og Røroskyrkja. 
Bergstaden Røros er bygd opp rundt bergverksindustrien og står på UNESCOs verdsarvliste.
Smelthytta er i dag museum,  som mellom anna fortel historia om koparverket og gruvedrifta på Røros. Mange flotte bevegelege modellar, som viser aebeidsprosessane i gruvene og smeltehyttene. 
Ein av modellane i museet.

Røroskyrkja, eller Bergstadens Ziir (ziir=pryd) er eit stasleg bygg. Bygd i åra 1780-84 og kosta ca.23000 riksdalar, det tilsvarte omlag 450 årslønningar til ein gruvearbeidar. Kyrkja er, med sine 1600 sitteplassar, Norges 5. største, og spiret ragar godt 50m over bakken.

Tordis framfor Røroskyrkja.
Alteret og preikestolen.

To lokale vi trefte nedi streeten.

Ein blir svolten av å gå slik å trakke, så vi gjekk etter matlukta og havna i bakgården til Frøyas Hus. Der sat vi ute på langbenkar, og fekk servert rømmegraut på gamle bakstebord, og både plassen og maten kan anbefalast.

Slik ser eg ut når eg ete rømmegraut på Røros.

Frå Røros køyrde vi til Folldal, men i staden for å køyre til Hjerkinn og over Dovrefjellet, tok vi vegen over Grimsdalen mot Dovre. Her er det bomveg og grusdekke, men Grimsdalen er så makelaus flott, at det er verdt det. 

Aust i Grimsdalen, med utsikt mot Rondane.


I aust er Grimsdalen vid og brei, og smalnar til vestover før fjellet over mot Dovre. Over fjellet er vegen opp i godt 1150 moh, vidt og fint her og.

Ved Vegaskilet.

Skotsk høglandsfe trivast i norsk høgland også ser det ut til.

 Grimsdalen er landskapsvernområde, og har reguleringar for mellom anna kor du kan campe. Det er fire tilrettelagde plassar der du har lov å campe. Det hadde ikkje vi fått med oss, og oppretta ein femte plass, på ein gammal, ubrukt traktorveg tett ved vegen. 

Den femte plassen.

Tordis hadde vore matnyttig på turen, og plukka litt krekling. Her, på den femte plassen, konverterte ho mat til drikke med brennevin kjøpt på Røros.

Kreklinglikør in the making, den heiter no Femteplasslikøren, og vi smakte så vidt på den i jula. Nett so kjøpelikør!

Her fann vi roen, og fjellstyret hadde ikkje patrulje ute, så vi fekk sove i fred.

Viktig å vise at sykkelen var i bruk av og til.

Vi forlot femteplassen slik vi fann den, og sette kursen heimover. På Grotli fann vi på at vi ville køyre gamlevegen over Strynefjellet. Vi oversåg visst eit skilt her og i farten, noko om maks lengde trur eg ⭕ 🙄, men sjølv om det var smalt i enkelte svingar gjekk det fint. 

Her var det god plass.

I 1100m høgde, mykje stein.

Vi kom heim til Stongfjorden i kveldinga, og har ein flott tur og mange opplevingar å sjå tilbake på. Litt kjekt også å "ta turen på nytt" gjennom denne bloggen. Eg har brukt litt tid på å lese litt historie og informasjon om dei ulike plassane vi har besøkt, noko som har vore interresant og kjekt. Håpar de som har vore med oss på turen gjennom innlegga her, har hatt det litt kjekt òg.
Her kjem nye innlegg etter kvart, påska står for døra og vogna står rett utanfor døra, klar for nye eventyr.


Litt for dei spesiellt interesserte.
Vi køyrde nesten 3000km, og hadde 14 overnattingar, over halvparten fricamping. Vi har eit 185w solcellepanel på taket, 200Ah batteribank og inverter på 2000w. Vi brukar strøm til kaffitraktar og brødristar via inverter, og ellers til lys, TV, vannpumpe og til lading av mobilar og div. andre duppedittar.  Kun ei overnatting, på slutten av turen, var vi tilkobla "landstrøm", då var ladestatusen på batteria nede i ca. 45%, så egentleg hadde vi greit oss fint heile turen utan landstrøm. I tillegg til solcellepanelet, får batteria litt lading frå bilen via hengarkontakten, men dette er truleg marginalt. Vi hadde vekslande vêr under turen, og langt frå optimale forhold for solcellepanelet.





 














Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.