Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.

I slutten av juli var vi endeleg klar for ferietur, det hadde vi sett fram til ei stund, så vi hekta på rullestova og køyrde nordover. Over Strynefjellet og Dovre, ein kjapp tur innom Tove og Terje i Trondheim, før vi sette kursen mot Helgelandskysten.
Første overnattinga var på Strynefjellet.

Rista brød til frukost høyrer med, dette var før vi kjøpte brødristar 🙂

Vogna er rigga for fricamping, så vi prøver å finne plassar langs vegen der vi kan stå ei natt eller to, men det er ikkje alltid like lett å finne, så vi endar ofte på tilrettelagde plassar der ein kan stå mot å betale litt, eller på campingplassar. Vi er stort sett sjølvforsynt med strøm, så vi slepp å tenke på det. 

Skånes/Kausbukta, ein liten avstikkar frå E6 rett sør for Verdal. Tilrettelagd plass for bubilar og campingvogner. Kun parkeringsplass, ikkje andre fasilitetar.

Nord for Steinkjær svinga vi av E6 og køyrde mot Namsos, (Rock City), som ikkje rocka so veldig på ein søndag midt i koronatida, så vi heldt fram til Lund, tok ferja over Foldafjorden til Hofles, og vidare til Rørvik. Rett vest for Rørvik fann vi Kleiva Camping,  ein fin liten campingplass der vi overnatta. 
Ved sida av oss var det eit par frå Høyanger i bubil, og rett etter oss kom det durande ein delegasjon med to bubilar og ei campingvogn, førdianarar alt i hop, på veg sørover. Så Sunnfjord og Sogn var godt representert på plassen den natta.
Når ikkje vogna er påhekta, så er Tordis det 🙂 Trim på Kleiva camping.

Typisk vegetasjon på Kleiva 😏

Neste dag snirkla vi oss vidare nordover langs kysten, ferje frå Holm til Vennesund og vidare til Brønnøysund. Etter at vi hadde vore innom registeret og registrert oss, og rota oss inn i ein blindveg vi med naud og neppe kom oss ut frå, køyrde vi over Brønnøysund bru og ut til Toft, der vi fekk stå på ein plass som tilhøyrde Norsk Havbrukssenter, fin plass, men litt dyrt. 
Ved Norsk Havbrukssenter.

Ungdomar med nasa langt ned i mobiltelefonen såg ikkje draget på vogna, og stana i det så pass hardt at det vart høg sjø i leskedrikken eg hadde på bordet. Så eg måtte til med forebyggande HMS-tiltak. 

TORGHATTEN.
Frå Toft til Torghatten er det ca. ei mil, ikkje lengre enn at vi kunne tatt syklane, men det var litt seint på dag, så vi tok bilen. Og vi tok turen gjennom holet, og tilbake rundt på vest og sørsida av fjellet, ein god time tok det, så litt trim fekk vi likevel. 
Holet i hatten.

Godt tilrettelagt.

Torghatten er jo eit trollfjell...kom vi brått på!

Mot vest

På sørsida av fjellet.
Reiseruta, del 1.

Følg oss vidare i neste del...






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.