Litt historie.

Tordis og eg fann kvarandre i godt vaksen alder, og har tura i lag i 7-8 år no. I byrjinga var det mest kajakkturar, fjellturar og reising, men etter kvart har vi fått sansen for campinglivet, og vi har prioritert det meir, i kombinasjon med både sykkel, kajakk og fjell.
Første turen med campingvogn var i 2017, med leigd vogn og kajakkar på biltaket.

Nokre bilder frå turen:
Gamle ferjekaia på Rjåneset nord for Ørsta. Fin plass å fricampe. Liadalsnipa bak.

På Grip, langt til havs nord for Kristiansund.

Tordis i kajakken utanfor Titran på Frøya,   Slettringen fyr.

Stasleg kulturminne, Norges høgaste, med lyshøgd på 46 m.o.h.


Under Hjellehyrna, Oppstrynsvatnet.

Ein flott tur som gav meirsmak, så vi fekk lyst på eiga vogn etter kvart, og i 2019 kjøpte vi oss ei brukt, lita, knalltøff vogn. Vogna såg vi først i 2016,  på ein tur til Sogn og Aurlandsdalen. Vi likte vogna og tok bilde av den, fann det att meir eller mindre tilfeldig tre år seinare og såg at vi hadde fått med registreringsnummeret. Freidig som eg er spora eg opp eigarane, og ringde for å høyre om dei var interessert i å selge. Det var dei ikkje, så vi starta å leite på finn.no, utan hell. Det viste seg at det var selt få slike vogner i Norge, så det såg dårleg ut. Men så, ein månads tid seinare, dukka det forsyne meg opp ei kliss lik ei, som stod til salgs i Ørsta, og dagen etter var eg avgarde og henta den heim. Ei litt artig historie.

Nokre bilder frå 2019:

På veg heim frå Ørsta med vogna på slep, strøken og fin.

Lita vogn som var lett å dra med seg til fjells, og lett å plassere.

Her er vi ved Aursjøen, vest i Dovrefjella.

Frå Grimsdalen, mellom Dovre og Folldal.

På sykkeltur innover Storlidalen i Trollheimen, pause på Bårdsgarden.

Og på Storli gard drakk vi truleg Norges dyraste kaffi, 50 kr koppen, men koppane og fata  var fine. ( Vi drakk opp alt)

Mardalsfossen i Eikesdalen/ Mardalen.

Sommaren 2020.
Ferieturen i fjor gjekk over halve Sør-Norge. Over Vikafjellet til Voss, vidare til Odda på austsida av Sørfjorden, og til Røldal på gamlevegen. Eg oversåg visst skiltet med breddebegrensinga på 2m, vogna var 2,3m, og det vart no smalt oppover bakkane, og langt mellom møteplassane, men heldigvis møtte vi ikkje bilar, så det gjekk bra. 
Låtefossen.
På gamlevegen over Røldalsfjellet.

Eg prøver fiskelukka i Vågslivatnet. Vi måtte nok kjøpe middagen den dagen óg.

Frå Røldal køyrde vi vidare austover til Lunde i Telemark, via Dalen lengst vest i Telemarksvassdraget.
På Lunde slo vi oss til ro eit par dagar, trur det var einaste plassen vi hadde meir enn ei overnatting. Der møtte vi naboane, Olaug og Gustav, som kom med ein av kanalbåtane frå Akkarhaug og oppover slusene. Vi hadde tenkt å ta ein tur på kanalen vi óg, i kombinasjon med sykkeltur, men vi var for seine med å bestille billett, så det har vi tilgode. 
Frå Dalen i Telemark.

Stilig badstove, trur den tilhøyrer Dalen hotell.

Lunde sluse.

Olaug stig elegant i land på Lunde, lurer på kva dei serverer ombord 😆

Frå Lunde køyrde vi vestover att, til Setesdalen og vidare vestover Sirdalsheiane og til Lysebotn. Tilbake til Sirdalen og sørover til Lindesnes.

Ved Rosskreppfjorden i Sirdalsheiane.


I Lysebotn.



I Sirdal besøkte vi Stig Tore og Anita på hytta dei har der. Kjekt besøk.

Lindesnes fyr og ein fyr frå Stongfjorden.

Frå det blide, men litt kalde Sørlandet køyrde vi vestover lengst ute langs kysten til Stavanger. Derifrå til Sauda, Røldal og Odda igjen, og under Folgefonna til Hardanger.

Her er vi på sykkeltur ut til Eigerøy fyr, Egersund.

Eigerøy fyr, det utvikla seg til reine fyrsafarien...

...Obrestad fyr på Jæren, her bles det godt til tider, ser det ut for på flaggstanga.

I Sauda besøkte vi Vidar, Irene og Bjørghild, kjekt det óg.

Steindalsfossen, Norheimsund.

Vi tok ein svipptur til Bergen, før vi sette nasa heimover. 
14 dg. på tur, mange flotte opplevingar, mange kilometer, og godt å komme heim.
I september var vi ein helgetur til Nordfjord, siste turen det året, og det vart også siste turen med den vogna...
Ved Lovatnet.


...framhald neste innlegg..



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.