Ny vogn!

 Som sagt i forrige innlegg, vart turen til Nordfjord den siste med vogna vi kjøpte i Ørsta. Vi likte vogna godt, men den hadde ikkje fast seng, den måtte vi rigge til kvar kveld og pakke den vekk før vi fekk oss frukost om morgonen, og etter kvart vart det litt bale for godt vaksne folk.

Så historia er den, at vi var innom Nordfjord Caravan for ein fukttest på vogna, og der stod det ei ny vogn på utstilling som Tordis forvilla seg inn i. Eg fekk ho nesten ikkje ut att derifrå, og for å ta kortversjonen skreiv vi kontrakt på ny vogn hos ein forhandlar i Bergen nokre veker seinare, og i mai i år var vi avgarde og henta den.


På veg heim med nyevogna. Vi overnatta i Kilstraumen i Austreim.

                Fin vogn dette óg.

Tordis kosar seg i senga, eg lagar frukost...sjølvsagt 😇

Litt om vogna, eller rullestova på nynorsk:

Nyevogna er ei Adria Adora 522UP. Kriteria vi hadde for ny vogn, var at den skulle ha fast seng, at den skulle ha panoramavindu, slik som den gamle, (som var ei Adria Altea 4four) og at vi kunne dra den med Opelen. Vogna er 5,2m innv. lengde, godt 1,5m lengre enn den gamle. Total lengde er 7,2m og breidda er 2,3m. Panoramavinduet gjer vogna lys og romleg innvendig, masse skuffer og skap, stort kjøleskap, oppvarming og varmtvatn både på gas og el, kort sagt har vi god plass og alt vi treng. Ellers har vi rigga den med solcellepanel på 185W, to lithiumbatteri på 100ah kvar, og ein inverter (lagar 230V av 12V) på 2kw. Det gjer at vi stort sett er uavhengig av "landstrøm", kokar oss kaffi med Moccamaster, og har rista brød til frukost. Så vi stoppar der vi finn oss ein plass, gjerne utanfor allfarveg, og har det vi treng. 

Turen heim og tok vi om Lindås, ferja frå Leirvåg til Sløvåg og vidare nordover på smale vegar i Gulen.

Vi køyrde til Rutledal og tenkte å ta ferja over Sognefjorden derifrå, men med ei ventetid på 4-5 timar, valgte vi heller å køyre innover til Oppedal. Lenge sidan sist eg køyrde på desse vegane, det var i ungdommen, før vegen over Romarheimsdalen kom, så det var litt artig å køyre her igjen.                                                








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.