Ny vogn!
Som sagt i forrige innlegg, vart turen til Nordfjord den siste med vogna vi kjøpte i Ørsta. Vi likte vogna godt, men den hadde ikkje fast seng, den måtte vi rigge til kvar kveld og pakke den vekk før vi fekk oss frukost om morgonen, og etter kvart vart det litt bale for godt vaksne folk. Så historia er den, at vi var innom Nordfjord Caravan for ein fukttest på vogna, og der stod det ei ny vogn på utstilling som Tordis forvilla seg inn i. Eg fekk ho nesten ikkje ut att derifrå, og for å ta kortversjonen skreiv vi kontrakt på ny vogn hos ein forhandlar i Bergen nokre veker seinare, og i mai i år var vi avgarde og henta den. På veg heim med nyevogna. Vi overnatta i Kilstraumen i Austreim. Fin vogn dette óg. Tordis kosar seg i senga, eg lagar frukost...sjølvsagt 😇 Litt om vogna, eller rullestova på nynorsk: Nyevogna er ei Adria Adora 522UP. Kriteria vi hadde for ny vogn, var at den skulle ha ...