Nærturar
Vi hadde ikkje ferie før i August i år, så vi måtte på nokre småturar før det, for å få brukt vogna litt. Tordis er eigedomsmeklar og hadde ei hytte til salgs ved Storfjorden, eller Eimhjellevatnet, mellom Storebru og Hyen, som ho skulle ha visning på, så vi tok vogna på slep og gjorde " business to pleasure" so to speak. Vi fann ein plass ved Slåttestøylsvatnet som vi brukte som basecamp. Slåttestøylsvatnet. By night.🤪 Stille og fredeleg natt, sjølv om vi låg tett ved vegen, ikkje den mest trafikkerte med andre ord. Etter at Tordis hadde hatt visning var vi på Nesholmen og kjøpte oss rømmegraut, før vi køyrde tilbake til Florø. Helga etter tok vi turen til Værlandet. Der fekk vi plass ved Værlandet Fiskeredskap, kanskje ikkje finaste plassen, men utsikta var ikkje noko å sei på. Ved Værlandet Gjestehavn, Høgkletten, med sine 163 m.o.h. kneisar i bakgrunnen. Alden ruvar godt, 481 m.o.h. Vi hadde syklane med, og sykla ti...