Jomfrutur

Midt i mai, gode vermeldingar, himmelspretten, inneklemt fredag og 17.mai på mandagen. Perfekt for ein langhelgstur, og vi sette kursen mot ytre Nordfjord, eller nordre del av tullekommunen Kinn. 
Ein liten kilometer frå krysset på Byrkjelo mot Utvikfjellet, tok vi ein avstikkar inn Myklebustdalen. 
Flott innover langs Sanddalsvatnet.

Etter ei lita mil innover dalen var det slutt på asfalten, og vi snudde der. Vi såg etter ein plass å overnatte, men måtte tilbake og opp på Utvikfjellet før vi fann det. 
Vi var innom Stryn for å handle litt stæsj til vogna, og køyrde utover Nordfjorden til Måløy, og vidare ut til Nordoppedalen og Kannesteinen.
Tordis...og Kannesteinen.

I Vågsvåg fekk vi plass å stå på eit moloanlegg, og det vart basecampen vår dei neste dagane.

 
Campers..




...og mat må vi ha. Liten og snau gassgrill.


Vi var på turar rundt heile Vågsøy, besøkte tre fyr, og Refviksanden. 

Veggmaleri på lensmannshuset i Refvika.


I Refvika har dei fleste husa betongvegg mot sør, fordi verste vêret og vinden kjem derifrå, ein flott tumleplass for kunstnarar. Historia bak veggmaleriet på lensmannshuset

Refviksanden.


Refviksanden er mykje besøkt sommarhalvåret og sanddynene og vegetasjonen er truga av for mykje trakk og telting, så her heldt folk på å sette opp skilt og sperringar for å forsøke å bevare vegetasjonen og begrense erosjonen.

Artsfrendar i Refvika.


På veg til Skongenes fyr på godt tilrettelagt sti. (det var meldt regn, og ho hadde lagt att regnkleda)


Utsikt mot Sildegapet ( legg merke til paraplyen 😆)


Skongenes fyr.



Kråkenes fyr.

Og Hendanes fyr. 



Vegen ut til Hendanes fyr er opprusta, og det er visstnok planar om å restaurere fyret også.


Ein skikkelig "speedfyrsafari" må ein vel kunne kalle det, tre fyr på ein dag er i alle fall rekord for oss, men når sant skal seiast har vi begrensa erfaring med fyrsafari.

På heimvegen svinga vi inn i Stardalen ein tur, heilt inn til Fonn, så langt vi kom vi med bil, så der måtte vi snu.

Innst i Stardalen.

I Stardalen trur eg dei har Vestlands lengste rettstrekke, sikkert brukt til litt av kvart.

Dette var første skikkelige turen med Lukkebobla, vi besøkte mange plassar vi ikkje hadde vore før, så ein treng ikkje reise så langt før turen blir "eksotisk". Fin jomfrutur!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På fiaskofisketur.

Nordfjord

Med kidsa i Værlandet.