Nærturar

Vi hadde ikkje ferie før i August i år, så vi måtte på nokre småturar før det, for å få brukt vogna litt. Tordis er eigedomsmeklar og hadde ei hytte til salgs ved Storfjorden, eller Eimhjellevatnet, mellom Storebru og Hyen, som ho skulle ha visning på, så vi tok vogna på slep og gjorde " business to pleasure" so to speak. Vi fann ein plass ved Slåttestøylsvatnet som vi brukte som basecamp.
 
Slåttestøylsvatnet.
By night.🤪

Stille og fredeleg natt, sjølv om vi låg tett ved vegen, ikkje den mest trafikkerte med andre ord. 
Etter at Tordis hadde hatt visning var vi på Nesholmen og kjøpte oss rømmegraut, før vi køyrde tilbake til Florø.

Helga etter tok vi turen til Værlandet. Der fekk vi plass ved Værlandet Fiskeredskap, kanskje ikkje finaste plassen, men utsikta var ikkje noko å sei på. 
Ved Værlandet Gjestehavn, Høgkletten, med sine 163 m.o.h. kneisar i bakgrunnen.

Alden ruvar godt, 481 m.o.h.

Vi hadde syklane med, og sykla til Bulandet, ca. 10km ein veg, fin og lett sykkeltur, og endå så greidde eg ikkje å ta eit einaste bilde!
To av søskenbarna mine, Mona og Sissel vaks opp på Værlandet, og har i dag sommarhus og hytte der. Kjekt at dei var der begge to, og Rune, ikkje så ofte vi treffast.
På besøk hos Sissel, ståande mellom Mona og Rune. Tordis t.v.
Hamna i Værlandet er mykje besøkt av båtfolk sommarhalvåret.
På ferja inn att mot Askvoll. Alden bak.

Så ein ultrakort tur. 
I slutten av juli, segla "Sommarskuta", eller  Statsraad Lehmkuhl forbi Staveneset, som ligg rett utanfor stovedøra omtrent, så vi måtte ut å sjå. Nydeleg kveld, og mykje folk på land, og ikkje minst mykje båtar som følgde Statsraaden.

Flagghelsing.

Statsraaden på sør.

Kjekt med slike korte turar i nærområdet også, og kjekt å ha i "minneboka".


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.