Ferietur 2021, del 3, Mo i Rana- Bodø.
Etter to overnattingar ved floden i Mo i Rana ville vi til fjells, og køyrde nordover. Ein liten pitstop på Storforshei for påfyll av diesel, vatn og mat, og vidare gjennom Dunderlandsdalen mot Saltfjellet. Ny fin veg nordover, så her var det berre å koble inn cruisekontrollen og nyte turen og naturen. Vi måtte naturlegvis stoppe på Polarsirkelsenteret, been there, done that, og kjøpe noko som beviste akkurat det. Arctic cirkle center 66°33' N, har dei skrive, på klingande nynorsk, på taket til Polarsirkelsenteret, på Saltfjellet i Norge Men dei hadde no Norske flagg. Fjellet Bolna med sine 1460 moh. Ved sjølvaste polarsirkelen, eller det er faktisk ikkje heilt rett. Polarsirkelen flyttar seg nemleg, i vår tid nordover, 14,25m kvart år. I fjor, i 2021, var den 1210m lenger nord enn der eg står på bildet. Når den når Hamarøy, om godt 9000 år, snur den og går sørover att, til Brønnøysund. Eg har funne ut at Bodø feks. vil vere