To haustturar, og litt dekor.

Det vart eit par haustturar før vi avslutta sesongen i fjor. Vonavatnet. Vonavatnet i Naustdal hadde vi tenkt på ei stund, at kanskje det kunne vere ein fin tur. Det vart nestenkatasrofe! Vi hadde ikkje vore der før, og visste ikkje korleis vegen opp dit var, men vi spurde oss rundt før vi prøvde oss. Dei fleste meinte det burde gå bra å slepe vogna med seg heilt opp, untatt ein, han ville ikkje prøvd det, og eg skulle nok høyrt på han. Men eg er no ikkje så lettskremd når det gjeld bilkøyring og sånn, så eg høyrde sjølvsagt på alle hine. Siste kneika og svingen vart litt for tøff, og opelen måtte kapitulere. Jysla bratt, grusveg, skarp sving og framhjulstrekk vart i meste laget, så der stod vi. Men vi stod ikkje godt, det var faktisk så vidt vi stod. Når eg forsiktig prøvde å sleppe oss bakover att, og bremsa, begynte heile kortesjen å skli på grusen. Eg trur at eg aldri har hatt så lite høy i hatten, bratt utfor ned i bjørkeskogen på eine sida, men heldigvis sk...