Med kidsa i Værlandet.

Siste helga i mai skulle Kristin og Bjørn, med Einar, Ola og Mari, og Ingrid og Eivind ( kidsa, typane og kidsekidsa) tilbringe helga på ei hytte i Værlandet, så vi hekta på vogna og hekta oss på. Værlandet og Bulandet er Norges vestlegaste bebudde øysamfunn. Norges Venezia, som det også blir kalla, har fleire øyer enn det er dagar i året, og her bur det ca.460 sjeler som i hovedsak livnærer seg på fiskeri,oppdrett og fiskeforedling. For dei som likar seg i kajakk eller på sykkel er øyriket eit eldorado. Her kan du padle mellom øyer og holmar, skjerma for vêr og vind, eller utfordre deg sjølv og naturkreftene i meir eksponerte forhold. Værlandet og Bulandet er bundne saman med 6 bruer, og frå ferjekaia i Værlandet til butikken i Bulandet er det om lag 10km veg. Lett og fin å sykle, om ikkje sydvesten står på for fullt, men då går det desto fortare tilbake. Vi hadde med oss syklane, men dei vart ståande på taket heile helga. I staden gjekk vi turar i lag med gjengen. ...