Nordfjord

I forbindelse med 17.mai, fukttest og service på vogna, tok vi nokre dagar i Nordfjord. 
Svingar du skarpt høgre når du køyrer av ferja på Lote ferjekai, kjem du inn på Panoramavegen. Den startar der, eller sluttar, alt etter kva retning du køyrer 🤔, og går innover på nordsida av Nordfjorden, gjennom bygder som Hennebygda, Randabygda, Bergset og Blakset, mellom andre. Når du kjem innover eit stykke, og opp i høgda, får du ei fantastisk utsikt over Nordfjorden og over på andre sida. Wundershön!, seier tyskarane og veit vel ikkje betre, for det er faktisk Nordfjorden dei ser. 

På Panoramavegen.

Vi tok eit par avstikkarar, ned til Hopland kai på smal veg med fleire hårnålsvingar, og til Blakset kai. Små plassar som eg no kan sei at eg har vore på, det kunne eg ikkje før. 
Hopland kai. 

Vi tok inn på Stryn Camping og trakka litt rundt i streeten og til skogs eit par dagar.

I barndomen gjekk eg på rabarbraslang hos naboen kom eg på, då eg såg desse i ein hage i Stryn. Dei fekk stå i fred.

Dagsturhytta i Stryn, Kloppemyrhytta.

På tur.

Etter at vi var ferdig med fukttest og service på vogna hos Nordfjord Caravan AS, eller Tellus Nordfjord som det heiter no, køyrde vi innover Oldedalen til Gryta Camping og fann oss ein flott plass ved vatnet.

På Gryta Camping.

17.mai på Gryta Camping, godt forberedt sjølvsagt 🙂

Dagen etter vakna vi til eit nydeleg vêr, på sjølvaste nasjonaldagen, og hadde planane klare for dagen. Etter ein god frukost køyrde vi til Loen og tok gondolbana opp på Hoven. Sist eg var på Hoven var i 2015, i lag med fire andre Stongfjordingar, og vi klatra i fleire timar for å komme til topps, åt nista på fjellnakkane der oppe, og måtte gå ned att også.
No tok det ca. 5min opp, og vi åt lunch på Hoven Restaurant. Ikkje det at maten var dårleg på restauranten, men eg trur faktisk at nista for sju år sidan smakte betre, (for ikkje å snakke om ølet på Alexandra Hotell då vi kom ned att)

Slik såg det ut på Hoven for sju år sidan.

Det var den gong, i dag er det ei turistmaskin der oppe, og ein super plass for galningane som tek med seg fallskjerm opp, og fyk ned att. 

Ikkje for alle dette. 


17.mai på Hoven, godt 1000 m.o.h,  i strålande sol og blikkande stilt, nesten.

Hipp hipp...

Loen og innover Lodalen.

Skoen.

Nedstigninga gjekk like fort som turen opp, og middagen tok vi i vogna, rømmegraut og spekemat sjølvsagt, og så tok vi turen inn til botnen av Oldedalen. 
Vi var ikkje inn til Briksdalsbreen, eller det som er att av den. Breane i Norge har, grunna varmare klima og mindre nedbør vinterhalvåret, i gjennomsnitt minka nesten ein halv kilometer dei siste 20 åra. Briksdalsbreen har minka ca.800 meter siste 25 åra. Og tilbakegangen har eskalert voldsomt. Om dette held fram, vil det få store konsekvensar for oss, vassforsyning, kraftproduksjon, matproduksjon og turistnæringa mellom anna, kan bli råka. 

Melkevoll Bretun Camping, inst i Oldedalen.

Briksdalsbreen, det som er att av den.

Utsikt ut Oldedalen.

Mikrobrytaren i  dusj-blandebatteriet i vogna slutta brått å virke den kvelden, så vi måtte innom Tellus i Stryn att dagen etter. Der skifta dei blandebatteriet på sparket, så vi kunne køyre heim att med vogna shipshape. God service! 👍
Nok ein fin tur til endes, heimattover fekk vi regn på oss, så vêrgudane var med oss.










Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.