For dei spesiellt interesserte.

Om hengarkontakt, ledningsnett, absorpsjonskjøleskap, lithiumbatteri, DCDC-ladar og sånt.

Då vi fekk oss campingvogn monterte eg 13-pins hengarkontakt på bilen, for å få strøm til ryggelys mellom anna. I tillegg ville eg ha strøm til kjøleskapet i vogna og til lading av batteria. For å få til det måtte eg ha eit tillegssett som gir strøm til pin 9 og 10 i hengarkontakten, og etter litt styr og kluss med det har eg omsider fått det opp å gå. Tilleggssettet eg fikk var kun til pin 10, som forsyner kjøleskapet i vogna med strøm,  og det var klart til sommarferien i fjor. Det er kobla via eit spenningsstyrt relé, slik at det ikkje gir  strøm til kjøleskapet i vogna før motoren er starta.
Vi var 14 dg på tur, og i starten såg alt bra ut, men så oppdaga eg at sikringen i kretsen, som er montert ved batteriet (i bilen) og er på 15A, smelta. Plasten rundt tråden i sikringen smelta sakte, og til slutt rauk også tråden. Dette skjedde av og til, vi kunne køyre i dagesvis utan at sikringen vart varm og smelta. 
Eg klødde meg i haue og lurte på kva som skjedde, koblingane på sikringsholdaren, i lag med koblingane i resten av kretsen vart sjekka og var i orden/god kontakt.  Men etter kvart har eg funne ut kva som truleg var årsaka. 
Kjøleskapet, eit Thetford N4142E+, er eit sokalla absorpsjonskjøleskap, som er vanleg brukt i campingvogner og bubilar. 
Kjøleskapet har ein effekt på 205W på 12V drift, det vil sei at det har eit strømforbruk på 17A på maks drift. Det er litt for mykje til kretsen, som er berekna til maks 15A. ( 15A sikring og 2,5mm² ledning) Eg trur at når vi stoppar langs vegen og handlar mat, og gjerne fyller kjøleskapet maks, med kald og mindre kald mat og drikke, og køyrer vidare med ein gong, får kjøleskapet nok å jobbe med. Det vil då gå på maks effekt, forholdsvis lenge, og dermed maks strømforbruk, d.v.s 17A og sikringen blir varm og smeltar. 
Når vi står i ro over natta, og gjerne somlar litt før vi køyrer vidare, går som regel kjøleskapet på gass, av og til på 220V, og då er kjøleskapet og innholdet kaldt. Effekten som trengst for å holde det kaldt på 12V blir då mindre. Eit oppfylt absorpsjonskjøleskap krev også meir effekt enn eit som er passeleg fylt, ein må i det heile tenkje litt annleis når ein brukar denne typen kjøleskap. Sjå linken nederst.
Løysinga vart å legge ny ledning på 6mm² heile vegen frå batteriet til hengarkontakten, og å sette inn større sikring (20A) og større  relé i kretsen. 
Så kva med hengarkontakten vil mange spørje? Eg og, for den del, men så langt ser det bra ut, ingen tegn til varmgang der.
Ja, eg veit at eg kan la kjøleskapet gå på gass når vi køyrer, og dei fleste gjer vel kanskje det, men eg vil ha det på 12V, fordi det er anbefalt, og fordi eg likar å styre med slikt. 
Dynamoen leverer 140A, for dei som lurer på det.

Etter at eg hadde lagt ny kabel til pin 10, hadde eg plutseleg ein ledig kabel, eg var lur nok til å la den bli liggande. Eg kobla litt om og putta den i pin 9 i hengarkontakten. Så då har eg fast 12V der, sikra ved batteriet sjølvsagt, med 15A sikring.
Pin 9 går til lading av batteria i vogna, men langt strekk, 2,5mm² ledning og 15A sikring blir i minste laget til det. 
Løysinga på det vart ein DCDC-ladar, montert i vogna, som ladar batteria med 8-10A når vi køyrer. Eit godt supplement til lading frå solcellepanelet på taket, og som gjer til at ledningsnettet i bilen ikkje blir overbelasta.

DCDC-ladaren, ein SCHAUDT WA1208 festa eg med dobbelsidig tape og strips til lademodulen i vogna.

Koblingssjema til ladaren, den får styrestrøm via kjøleskapet, og vil bryte ladekretsen når eg stoppar bilen, slik at batteriet i bilen ikkje blir tappa.

OPPDATERING:
Heile styret med DCDC-ladaren viste seg å vere smør på flesk. Etter at vi fekk vogna fekk eg på forespørsel tilsendt koblingskjema på 12V anlegget, og det viste at lademodulen i vogna ikkje hadde integrert ladebooster. Men etter å ha lese litt på diverse grupper på Facebook, fekk eg etter kvart mistanke om at vi hadde det likevel. Eg undersøkte nærmare og fann først ut at koblingsskjemaet eg hadde fått var til eldre modellar av vogna, som ikkje har den lademodulen vi har. Vi har ein Scaudt CSV414, og skjemaet var til ein CSV404.
CSV414 har integrert ladebooster, det fekk eg også bekrefta etter at eg fann manualen til lademodulen i vogna. ( det er ofte lurt å studere papira som blir levert med vogna 🥸)
Med andre ord, lademodulen i vogna hadde akkurat det som eg hadde montert i tillegg, så no har eg ein Schaudt DCDC-ladar til salgs.

Vi har to lithiumbatteri på 100Ah i vogna, til saman 200Ah, og brukar strøm via inverter (gir 230V) til kaffitraktar, brødristar og litt bruk av airfryer til middagslaging, og ellers alt som går på 12V-anlegget i vogna; lys, lading av telefonar, trådløs router, høgtalarar, tv osv.
I fjor var vi 14 dg på tur, i vekslande vêr, (ikkje kvar dag solcellepanelet lada like godt) og var tilkobla "landstrøm" ei natt. Det var på slutten av turen, og ladestatusen (SOC) på batteria var komen ned i mot 40%, så vi hadde egentleg klart oss heile turen utan "landstrøm".  Då hadde vi ikkje airfryaren, og den dreg ein del strøm, så eg er litt spent på koleis det vil bli med den, på ein lengre tur. Vi har brukt den litt på kortare turar, 3-4 dg, og det merkast godt på forbruket. 
Men på plussida har vi altså lading av batteria når vi køyrer, det hadde vi ikkje i fjor, så eg trur vi skal klare oss bra. 

I forbindelse med DCDC-ladaren, og litt andre ting, har eg har fått god hjelp og rådgjeving frå Bergen Batteriservice AS. Eg kjøpte ladaren der, og har også kjøpt solcellepanel, regulator,  lithiumbatteri og inverter til vogna der. Kjekke og flinke folk som veit kva dei balar med, leverer kvalitetsprodukt og yter kjempegod service.
Det gjeld også Provolt /Skanbatt som er importør av produkta. 


På linken under, under fana "Tips og gode råd" finn du info om absorpsjonskjøleskap. (Scroll ned til "Kjøleskap")

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Nordfjord

På fiaskofisketur.

Ferietur 2021, del 1, Stongfjorden- Brønnøysund.