Med kidsa i Værlandet.
Siste helga i mai skulle Kristin og Bjørn, med Einar, Ola og Mari, og Ingrid og Eivind ( kidsa, typane og kidsekidsa) tilbringe helga på ei hytte i Værlandet, så vi hekta på vogna og hekta oss på.
Værlandet og Bulandet er Norges vestlegaste bebudde øysamfunn. Norges Venezia, som det også blir kalla, har fleire øyer enn det er dagar i året, og her bur det ca.460 sjeler som i hovedsak livnærer seg på fiskeri,oppdrett og fiskeforedling.
For dei som likar seg i kajakk eller på sykkel er øyriket eit eldorado. Her kan du padle mellom øyer og holmar, skjerma for vêr og vind, eller utfordre deg sjølv og naturkreftene i meir eksponerte forhold. Værlandet og Bulandet er bundne saman med 6 bruer, og frå ferjekaia i Værlandet til butikken i Bulandet er det om lag 10km veg. Lett og fin å sykle, om ikkje sydvesten står på for fullt, men då går det desto fortare tilbake.
Vi hadde med oss syklane, men dei vart ståande på taket heile helga. I staden gjekk vi turar i lag med gjengen.
På ferjekaia i Værlandet, Alden bak.
Ut på tur.
Vestover.
Kokken Bjørn.
I Melværet, som ligg mellom Værlandet og Bulandet, har dei laga flott turløype, over myr og berg, godt merka og med bruer over dei verste myrhola. Stien tek deg heilt nord på øya, til Melværråen og jettegrytene heilt nede ved sjøen. Siste biten ned til jettegrytene er vanskeleg å gå, ugjestmildt og forvitra fjell med kvasse toppar og djupe kløfter, så her bør ein trø varsamt og passe på både kle og kropp.
Ingrid og Eivind i jettegryta.
Klettane på Værlandet, Høgkletten er 163 m.o.h. Og eg berre nemner det, Bjørn var den einaste av oss som tok den.
Flott helg! 🙂
Kommentarer
Legg inn en kommentar