Innlegg

To haustturar, og litt dekor.

Bilde
Det vart eit par haustturar før vi avslutta sesongen i fjor.  Vonavatnet. Vonavatnet i Naustdal hadde vi tenkt på ei stund, at kanskje det kunne vere ein fin tur. Det vart nestenkatasrofe!  Vi hadde ikkje vore der før, og visste ikkje korleis vegen opp dit var, men vi spurde oss rundt før vi prøvde oss. Dei fleste meinte det burde gå bra å slepe vogna med seg heilt opp, untatt ein, han ville ikkje prøvd det, og eg skulle nok høyrt på han.  Men eg er no ikkje så lettskremd når det gjeld bilkøyring og sånn, så eg høyrde sjølvsagt på alle hine.  Siste kneika og svingen vart litt for tøff, og opelen måtte kapitulere. Jysla bratt, grusveg, skarp sving og framhjulstrekk vart i meste laget, så der stod vi. Men vi stod ikkje godt, det var faktisk så vidt vi stod. Når eg forsiktig prøvde å sleppe oss bakover att, og bremsa, begynte heile kortesjen å skli på grusen. Eg trur at eg aldri har hatt så lite høy i hatten, bratt utfor ned i bjørkeskogen på eine sida, men heldigvis sk...

Ferietur 2021, del 4, Bodø-Stongfjorden.

Bilde
I Bodø fekk eg som sagt klipt meg, og Tordis fekk seg ein time i i 7.Himmel , som kan anbefalast seier ho (det er ein hud- og kroppspleieklinikk i fall nokon lurte). Ellers gjorde vi byen med litt shopping og kafebesøk, før vi sette nasen sørover att.  Det var ledig på plassen vår ved offersteinane på Stødi, og offeret til Tordis frå forrige overnatting, hadde god virkning denne natta på Saltfjellet òg. På Stødi. Vi heldt oss på E6 sørover, og tok ein pause i Mosjøen. Mosjøen er eldste byen på Helgeland, og her finn du Sjøgata, Norges lengste rekke av trehus frå 1800 tallet, koselig gate med små butikkar, restaurantar og galleri.  I Mosjøen heng det syklar og stolar på husveggane.. ..og folk blir berre sånn halvvegs jordfesta. Så var vi i Trøndelag igjen. Eit par timars køyring sørover frå Mosjøen, i Namsskogan, tok vi inn på Håpnesneset camping, utan eit einaste nes i sikte, men med Namsen tett ved. Namsen er ei kjend fiskeelv, ...

Ferietur 2021, del 3, Mo i Rana- Bodø.

Bilde
Etter to overnattingar ved floden i Mo i Rana ville vi til fjells, og køyrde nordover. Ein liten pitstop på Storforshei for påfyll av diesel, vatn og mat, og vidare gjennom Dunderlandsdalen mot Saltfjellet. Ny fin veg nordover, så her var det berre å koble inn cruisekontrollen og nyte turen og naturen. Vi måtte naturlegvis stoppe på Polarsirkelsenteret, been there, done that, og kjøpe noko som beviste akkurat det. Arctic cirkle center 66°33' N, har dei skrive,  på klingande nynorsk, på taket til Polarsirkelsenteret, på Saltfjellet i Norge   Men dei hadde no Norske flagg. Fjellet Bolna med sine 1460 moh. Ved sjølvaste polarsirkelen, eller det er faktisk ikkje heilt rett.  Polarsirkelen flyttar seg nemleg, i vår tid nordover, 14,25m kvart år. I fjor, i 2021, var den 1210m lenger nord enn der eg står på bildet. Når den når Hamarøy, om godt 9000 år, snur den og går sørover att, til Brønnøysund.          Eg h...

Ferietur 2021, del 2, Brønnøysund-Mo i Rana.

Bilde
Vi har litt lite "ro i ræva" når vi er på tur, så etter ei natt i  Brønnøysund for vi vidare.  Det er minst like tett med ferjer på Helgelandskysten som på Vestlandet, så du sparar ein del med ferjekort, som gir halv pris på dei fleste strekningane. Vi tok ferja frå Horn til Andalsvåg, køyrde til Forvik og tok ferja til Tjøtta.  Mellom Tjøtta og Sandnessjøen ligg Alstahaug kirke og Petter Dass-museet. Tordis framfor Alstahaug kirke.. ...og framfor Petter Dass-museet. Gapestokk frå Tjøtta. I dag hadde nok gapestokkbransjen vore big buisness, dersom straffeutmålinga ikkje hadde endra seg. Litt åndeleg føde skadar ikkje. Tekst: Petter Dass. Trappetrinntrim mellom berg og bygg. Petter, t.h og meg... Alstahaug. Frå Alstahaug mot nordaust ligg fjellrekka Sju Søstre, majestetiske fjelltoppar på rekke og rad, alle rundt 1000m høge.  4 1/2 av dei sju.  Vi fann oss ...